
I dette innlegget vil dykk finne uttallege bilete og lenkjer til ulike innlegg frå året som har gått. Det er nemleg tid for ei skikkeleg oppsummering.

Det eg hugsar best frå januar er utan tvil turen vi hadde i midten av januar. Den 17. januar sette vi nemleg kursen mot London. Tower Bridge, London Eye, Big Ben var berre nokre av serverdigheitene vi fekk med oss. Shopping var også ein høgt prioritert aktivitet. Harrods, Oxford street og Westfield London var nokre av favorittane og her var vi innom butikkar som Bik Bok, The Body Shop, Primark, Topshop, H&M, osv.

Eg stifta betre bekjentskap med Herr Gusto, og han har no blitt eit kjært medlem av familien. Han serverar alt i frå nydeleg, forfriskande iste (Nestea Peach) til ein rykande kopp kakao. Got to love it!


Denne månaden la eg min elsk på mange av dei nydelege figurane frå serien Willow Tree av Susan Lordi ♥

Eg rota meg til å gjere noko eg lenge hadde gått og tenkt på, så denne månaden kom min fyrste wallstickers i hus.


Eg leste den tristaste boka - nemleg historia om Christoffer; "Jeg tenker nok du skjønner det sjøl" av Jon Gangdal.


Willow Tree samlinga mi blei utvida med denne herlegheita;

Eg kjøpte meg eit par sko frå TOMS shoes, som utan tvil er verdas mest generøse sko. Bokstaveleg talt!


Eg skreiv litt om min store lidenskap, nemleg strikking.

Eksamensstresset holdt på for fullt, så da var det godt å kvile seg på sofaen saman med Tassengullet.


Etter nokre lange og nervepirrande veker kunne eg denne månaden puste letta ut. For da resultatet endeleg havna i postkassa mi, kunne eg skilte med vel gjennomført Bachelorutdanning - og eg tok meg ein velfortjent sommarferie. LYKKE!


I april vart eg "tante" til verdas finaste prinsesse, og eg nytta sjangsen til å lage mi fyrste bleiekake. Framgongsmåten finn du her. Eg strikka også eit nydeleg babypledd til den vesle prinsessa, med tilhøyrande tøflar.

Mannen i huset og eg hadde årsjubileum - 18.07.2010 er den magiske datoen ♥

Den 22. juli smalt det i Oslo, og det som i utgangspunktet visste seg til å vere gale nok, utvikla seg raskt til noko langt verre. Ei grusam tragedie.

Ord blir både tomme og meiningslause i ein slik situasjon, det heile er uverkeleg, og det er ikkje lett å fatte eller begripe den grusomheit som ramma landet våra. Hugs å ta vare på dei du er glad i - ta vare på kvarandre ♥

Då pc´en bestemte seg for å ta kvelden var valet enkelt. Så da var det berre å ta turen til nærmaste butikk og eg vart stolt eigar av denne herlegheita - nemleg min kjære MacBook Pro.

Etter mykje om og men kom endeleg favorittjakka mi i hus.

Som mange gongar før, vart eg igjen, "misunneleg" på Tassen og det gode sovehjarta som han har. Tenkje seg til. Det må vere ein flott eigenskap å kunne sove så og sei over alt. Nydeleg er han i allefall.

Denne månaden var vi i barnedåp til den nydelegaste prinsessa som finnast - og eg er kjempe stolt for at eg har fått lov til å vere fadder til denne nydelege prinsessa ♥


Denne månaden var det duka for bursdag, og reisefeberen begynte å melde seg. Årets bursdagspresang og høgdepunkt var utan tvil opphaldet i Tyrkia. Denne gongen tilbrakte vi heile 14 dagar i paradiset, og etter ein lang tur kunne vi endeleg plante beina på tyrkisk jord.

Vi bada, slappa av og berre koste oss. Vi bestillte også "time" til fotografeing og var på tidenes photoshoot.

Etter å ha vore inne på tanken om nye studier ei stund, signerte eg denne månaden kontrakt, og eg begynte å studere igjen. Snakk om evig student :p


Oktober kom, og denne månaden begynte dårleg. Det var nemleg full rulle da Tassen-gullet fekk ilt i den vesle magen sin.

Oktober er rosa!


Denne månaden starta eg med skikkeleg bloggtørke. Denne gongen var det ikkje Tassen-gullet som var dårleg. Det var meg! Eg var nemleg heilt utslått - noko som resulterte i at bloggen vart nedprioritert. Det heile endte i ein aldri så liten penicillinkur.

Eg gjennomførte tidenes innkjøp; Som webdesignstudent var det utan tvil ein ting som stod veldig høgt oppe på prioriteringslista mi. Nemleg Adobe Creative Suite 5.5 Design Premium.


Desember er årets siste månad, og som vanleg køyrte eg i gong julekalendar her på bloggen. Eg fekk mulegheita til å vere "julenisse" for ei stund, og nytta sjangsen til å dele ut mange flotte og spanande premiar.

Studietilværelsen er i gong for fullt, og denne månaden leverte eg også mi aller fyrste obligatoriske oppgåve på webdesignstudiet - eit nettstudie via eCademy.

Stormen Dagmar herja for fullt her til lands. Treet til naboen bles ned og ei stund var bygda vi bur også heilt isolert i frå omverda.

Heilt til slutt, i dette året, vil eg takkje alle dei flotte lesarane mine; takk for alle kommentarar og for alle tilbakemeldingar som eg har fått i løpet av året. Eg håpar også at dykk vil fortsette å fylgje bloggen min i året som kjem.
